mandag 2. februar 2009

Program Til KAIROS

Buss/ferjeruter
Bussruter: FREDAG ( Arne Martin er Sjåfør)
1800 frå Ålesund
1825 frå Moa (Arne Martin er sjåfør)
SØNDAG:
Frå Vestnes til Ålesund 1525


Fredag: Program
Kl. 18-19: Velkomen til Vestheim, innkvartering,
betaling og sånn
kl.1930: Kveldsmat
kl. 2030: Zuzammenristung...++
ca. 2200: Delekveld
kl. 2400: ZZZZZZZZ…..
Laurdag:
Kl.0830: Up&Go
Kl. 0900: Frukost,
Kl. 0945: Bibelsamling- Kåre Lid
ca kl. 1100: Øving (gjer meister)
Kl. 1330: Middag (kiosk etterpå)
Kl. 1400-1500: Sport, avslapping, spel, drøvtygging
Kl. 1500-1700: Meir syng
Kl. 1715: Matbit
Kl. 1800: Avreise til Misjonssalen
Kl. 1900: Vi stiller opp og syng gjennom songane
Kl. 2000: Frontline
ca Kl. 2330: Vi reiser til Vestheim
Søndag:
Kl.0830: Up&Go
Kl. 0900: Frukost
Kl. 1000: Tur til bedehuset, oppvarming!
kl.1100: Søndagssamling- Lars Kjetil Emblem
Kl.1230: Tilbake til Vestheim – Pakk og Vask
Kl.1400: Middag og avslutning
kl. 1525: Bussen til Ålesund går
Påmelding til Krinskontoret tel: 70107070.

MisjonProsjekt 08/09

Hei alle i Kairos.
Som mange veit skal eg vere i Elfenbeinskysten i februar.
Eigentleg skulle eg vere med å undervise på bibelkurs for dei kristne mahouane, slik eg var med på i 2007 og 2008. Men i år vart det så få påmeldte at kurset vart avlyst.
Det vart bestemt at vi, Knut Heng som er leiar for arbeidet og bur i Mali, og eg heller reiser nordover til Touba-området for å besøke dei kristne der. På grunn av krig i landet har der ikkje vore misjonærar anna enn på korte besøk sidan 2002.
Vi håper med dette besøket å kunne få god tid til å prate med folk, finne ut av ting. Mykje vondt har hendt i samband med krigen, også mellom dei har kalla seg kristne. Konflikter mellom dei truande tappar veldig for krefter. Nokre er sikkert skuffa over at misjonen ikkje har gjort meir. Og kva med dei andre som bur i området? Korleis ser dei på arbeidet til misjonen?
Det blir viktig no å få eit rett bileta av korleis det eigentleg står til slik at misjonen kan ta det med i planlegginga av det vidare arbeidet. Kva er det behov for? Kva oppgåver må misjonærane gå inn i når det vert å trygt å vere i området att? Har vi økonomi til å sende nokon?
Og så håper eg at vi desse vekene også kan vere med å sette mot i dei truande, at dei ikkje er gløymde, at ungdomar i Norge ber for dei.
Eg gler meg til å treffe igjen Pastor Pierre som nokre av dykk kjenner, og mange andre som eg kjenner. Nokre trefte eg i fjor og i 2007, men mange har eg ikkje sett på nesten 9 år.
Her er første plassen vi budde Afrika. Skal bli spennande å kome tilbake.
Kan vi rekne med at der er nokre Kairosar som ber og gir?

http://www.nlm.no/index.php?pid=152&section=hierarchy

Her kan dere se litt fra Afrika. og lese littom Prosjekte.
Helsing Oscar