tirsdag 7. juli 2009

KUL TURNE INFO!!!!

Krinskor-UL-turneen 25.juli – 2. aug 2009
Kjære Kairosar og andre Kulturnedeltakarar!
Sommaren sitt høgdepunkt er rett rundt døra: KUL-turneen til Solgry og til UL (www.ul.no) i
Kongeparken ved Stavanger. Vi gler oss. UL- er ein topptur i seg sjølv, og kombinert med
krinskorturne blir dette gromme greier.
Laurdag 25. juli startar vi! Du blir vel med på det!! Få med deg venene dine!
For også andre enn kormedlemer kan bli med berre dei rettar seg etter programmet!
I år køyrer vi ein flott turbuss frå Nettbuss. Som vanleg har vi vår proffe sjåfør Arne Martin ved
rattet. Er det behov for meir plass leiger vi ein minibuss i tillegg. Det er langt til Stavanger, ca. 60
mil. Vi gjer det så rimelig vi kan, men ferjer og bompengar gjer at bussturen må koste litt.
Ring/mail og meld deg på så fort som råd slik at vi får oversikt over transportbehovet.
Pris: 2000 kr for reisa tur/retur Kongeparken inkl. 3 døgn og mat på Solgry
Vi tek vegen om Volda, Nordfjordeid, Førde og vidare nedover vestlandet. Ein passeleg lang og
fin tur har vi framfor oss på laurdag. Vi må starte i god tid.
Alle må kome seg til Moa, dersom dei ikkje kan gå på undervegs.
Turnebussen går frå Moa kl. 08.15. NB: Oppmøte i god tid- frå 07.30 så vi får på plass bagasjen.
Ferja går 08.40 frå Solevåg og vi er i Volda ca. kl.10.00.
Ferja går kl. 10.00. Voldingane og andre det passar for kan gå på der.
Er alle med då? Hugs å seie ifrå kvar du går på!
På Solgry skal vi kose oss skikkeleg nokre dagar og ha opplegg for
både kropp og sjel; ferie og fellesskap og temasamling.
Og det blir fotball, volleyball, bading, kano, gokart.....
Tysdag reiser vi til Kongeparken og UL. Tidleg søndag morgon 3.
august er UL over. Trøtte, men glade snorkar vi oss nordover.
Anders Egil, leiar NLM ung S&R blir med og kanskje nokre nye leiarar.
Elles er dei gode gamle der: Ole, Julianne, Arne Martin, Gunhild, Jon
Anders, Oscar....
Har du merka deg kor ofte Israel og Midt-Austen er i fokus på
nyheitene? Det er som om heile verda har augo rette mot dette området. Men korleis skal vi tenke
og tru om det vi høyrer og ser? Tema i år er difor: Israel– Dagens situasjon i Bibelens lys. Eit
spennande og vanskeleg tema, men vi er heldige og får besøk av Per Sverre Bårdsen. Han har
arbeidt mykje med desse spørsmåla og blir saman med oss på mandag. Det skal bli interessant!
KULturne, også til å bli klok av.
ObsObsObs:, Har du hugsa å melde deg på UL? Det må du ordne sjølv. Helst via web: www.ul.no
Gler oss! Helsing frå leiarane ved Oscar
KULturne: Påmeldingsfrist 5. juli – Betalingsfrist 10. juli
Norsk Luthersk
Misjonssamband
Tel(fax): 70174400(10)
E-post: sogr@nlm.no
Adr: Myrabakken
Næringssenter 2,
Postboks 7503, Spjelkavik
6022 Alesund
Nokre viktige opplysningar:
Prisen for turneen er kr 2000,- inkl. reise til og frå UL i Kongeparken og mat og opphald på
Solgry. P.g.a utgiftene kan vi diverre ikkje gi syskenrabatt. Du betalar før vi reiser via
tilsendt giro. Berre dei som vi har registrert betaling på er å rekne som påmelde med sikra
plass. Betalingsfrist : 10 juli. UL må de ordne sjølve. Derifrå får de også ein giro som dekkjer
påmelding og overnatting i telt/sovesal. (Vekespass kostar kr. 600,- (etter 1. juli 700) + overnatting
(5 netter à kr 80) 400 kr = 1000 kr (1100,-) Obs: telt må de ta med sjølve. Dei som ikkje skal sitje på
oppatt må seie i frå! PRIS: Moa – Solgry – UL: 1.350.- UL – Moa: 750.- kr.
Mat: Under turneen (laurdag kveld til tysdag morgon) får vi mat på Solgry. Kan vera
greitt å ha med seg noko etande på turen sørover. Under UL (tysdag ettermiddag til
søndag morgon) må de ordne dykk sjølve, dvs der er mat å få kjøpt. Du må ha litt mat på
den lange turen heim også. Hugs å berekne pengar til dette + laurdagsgodt (2 laurdagar).
Klede.... og sånn. Ta med det du treng. Sovepose, liggeunderlag, tannkost, Bibel, penn
og papir, varm genser, badebukse, solkrem, joggesko, myggolje.. osv. Ei ekstra t-skjorte
kan vera greitt å ha, eit sokkepar likeså. Står du fast så spør mor eller bestemor.
Privatkøyring….Vi oppmodar alle om å slutte opp om fellesreisa, både for fellesskapet
og økonomien sin del. Av forskjellige årsaker vel likevel nokre av turnedeltakarne å køyre eigen
bil. I så fall understrekar vi at all privatkøyring skjer heilt på eige ansvar. Elles må også desse
rette seg etter det programmet som er sett opp. Turneprisen for dei som reiser privat er 700 kr. NB
hugs å seie i frå om du reiser privat.
Program (kan hende det kjem litt forandringar)
Buss frå Moa kl.08.15
Vi reknar med å vere framme på Solgry ca. kl. 2030
PROGRAM:
Laurdag laurdag laurd.............
ca 2030 Vi kjem fram, får oss mat ogpakkar ut soveposen.
2330 Ord for natta
2400 Ro, (ikkje rangle enno!)

Søndag Søndag, søndag.......
.0930 Revelje-vekkjing – morgenbad!
1000 Frukost.
1045 Bibelsamling
12-1400 Øving
1400 Middag
1430-1615
Uteaktivitetar – volleyball etc.
1630-1800 Øving + enkel matbit
1800 Avreise til Haugesund
1900 Møte på Misjonshuset
2130 Grilling på Solgry- leik og moro
2400 Stilt på huset,
kan vere ipeisestova til 0200


Mandag mandag man...........
1000 Revelje-Up&Go
1030 Frukost
1130 Temasamling: Israel – Dagens
situasjon i Bibelens lys v/Per Sverre
Bårdsen
1400 Middag
GOKART Aktiviteter på Solgry
Bading, ballspel, GOKART!
1900 Kveldsmat
2100 Stor KUL-turnekveld!
2230 Delekveld
0100 Ro

Tysdag Tysdag, tysdag,.......
0930 Frukost
1015 Bibelsamling
1100 Vi ryddar og pakkar i bussen
1200 Vi reiser, ferje Arsvågen kl. 1300
1430 Framme i Kongeparken og på UL!


Gå inn på www.SOLGRY.Com

KUL TURNE

hei

Det nermer seg Kul Turne og dere må melde dere på...Kontakt Ole os, Oscar Norbø,Anders Egil om info om påmelding

søndag 5. juli 2009

Kairos på Bjorli/Åndalsnes


her er det noe små glimt fra Pinse helga... desverre er det ikke musikk her p.g.a tekniske prb.