onsdag 19. juli 2017

Litt Info Om KUL TURNE 2017

Litt praktisk informasjon:

 Du vil få utdelt eit meir detaljert program for både KUL-Turné og UL på bussen. 

 Smør med deg niste. Første måltid du får servert er når vi kjem fram til Solgry kl 20:00.

Det blir stopping undervegs og høve til å kjøpe mat, men det er alltid kjekt å ha ei niste på

lur. 

 Husk å melde deg på UL. www.ul2017.no

 Vi har nokre ledige plassar på veg tilbake frå UL. Om du kjenner nokon som treng

transport, gi gjerne beskjed.

Pakkeliste:

 Sovepose, laken og dynetrekk. Det er mulig å leige sengeklede på Solgry, men det kostar

pengar. 

 Toalettsaker

 Bibel

 Badeklede

 Treningsklede

 Vanlege kle (håpar på varme!)

 Lommepengar. Det blir både kiosk og kollekt. 

 GODT HUMØR ;) 

 Det du måtte trenge til UL (evt. Telt, liggeunderlag, osv osv)

Er det noe du lurer på  Kontakt  ameier@nlm.no


Du vil som sagt få litt meir info om program på bussen, men her er det du treng å vite no.


PROGRAM

 LAURDAG 22.07

o 07:30 - Oppmøte ved bussen på Moa

o 08:00 - Bussen går frå Moa. Vi har ei ferje å rekke!

o 08:25 – Ferje frå Solevågen

o 08:50 – Festøya

o 09:35 – Furene

o 10:10 – Grodås

o 10:45 – Stryn

o 11:05 – Olden

o 12:45 – Førde. Her tar vi 45 min pause.

o 13:30 – Avreise Førde

o Ca 20:00 – Solgry. Her blir det innkvartering og grilling med ein gang vi

kjem fram.